Idar Odland med sterk karusellretur
Postet av Eikanger Idrettslag den 14. nov 2026

STARTEN: Idar Odland tok teten frå start, tett følgd av Axel Wollan og Helge Eidsnes.
Idar Odland og Bertine-Helene Færø vart raskaste mann og kvinne i den 2. karusellen på Eikanger denne sesongen. Etter nærmare eitt års fråvær frå karusellen gjorde Odland eit sterkt returløp.

VINNAR: Idar Odland drog i frå på slutten og vann klart føre Helge Eidsnes.
Vinnartida hans vart 6.31, berre seks sekund etter betetida hans. Han tok teten frå start. Under vegs i løpet hadde han sterk konkurranse av Helge Eidsnes og Axel Wollan. Men i siste bakken drog Odland klart i frå dei to andre og vann med fem sekund føre Eidsnes. Helge Eidsnes betra bestetida si frå 2018 med 31 sekund-. Wollan på tredje sette også ny personbeste – med 6.44.

NY SIGER: Bertine-Helene Færø tok ein ny siger på Eikanger.
Bertine-Helene Færø gjorde eit av dei sterkaste karuselløpa sine. Med tida 7.21 var ho seks sekund raskare enn i sesongopninga. Veteranen Grethe Jørgensen var nest raskaste kvinne med tida 8.27, sekundet betre enn i første løpet i haust. Sunniva R. Eidsnes på 9.17 sette personbeste med 27 sekund.

NY PERSONBESTE: Alex Wollan vart nummer tre på 6.44.
Ei rekkje andre løparar sette personbeste i karuslløypa, så det er tydelege at det er mange som trimmar og held seg i form. Forholda laurdag var gode med berr veg, 7-8 varmegrader. Til alt hell var det også opphald under løpet, akkurat til premieutdelinga var over.

STERK FRAMGANG: Helge Eidesnes betra bestetida si frå 2018 med over halvminuttet.
Med 64 deltakarar, der 31 sprang på tid og 33 tok turen rundt vågen utan å sjå å klokka, er deltakinga i karusellen på same nivå som førre sesong.

TIDLAUSE: Desse to Fammestadkarane tok turen utan tidtaking.
Neste løp er førjulsløpet som går laurdag 12. desember. Då vert det spennande å sjå om det er ein del nissar som stiller til start.
Vinterkarusell 2026-27, 2. løp.
Eikanger 14. november 2026
Arr.: Eikanger IL
Opphald, regnbye, berr veg, +7-8° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Idar Odland 6.31
2. Helge Eidsnes 6.36
3. Axel Wollan 6.44
4. Bertine-Helene Færø 7.21
5. Martin Hjelle Nyhammer 7.55
6. Anders Eidsnes 8.16
7. Grethe Jørgensen 8.27
8. Sverre Kvamme 8.43
9. Markus N. Haugen 8.55
10. Stian Matre 9.16
11. Sunniva R. Eidsnes 9.17
12. Lucas Johansen Økland 9.31
13. Noa Nøttveit Kvamme 9.32
14. Ruben Hosøy 9.33
15. Arvid Hauge 9.54
16. Henrik Fammestad 10.09
17. Frida Fammestad 10.28
18. Mathilde Eneroth Høyland 10.35
19. Solveig Haugland Hauge 10.38
20. Jakob Husum Nævdal 10.56
21. Aleksander Nævdal 10.57
22. Ove Danielsen 11.08
23. Svein Hjelle 11.09
24. Terje Eidsnes 11.18
25. Julian Johansen Økland 11.22
26. Ingunn Kvalsvik 11.32
27. Jan Kårbø 11.54
28. Colin Johansen Økland 14.46
29. Arne Økland 14.47
30. Signe Kleiveland Kalgraff 15.50
31. Sofie Haugland Hauge 17.14
Utan tid:
Hanna Brevik, Ingeborg Reigstad Danielsen, Frank Fammestad, Viktor Fammestad, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Nelia Nøttveit Kvamme, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Even Nordpoll, Veronica Nøttveit, Håkon Rongved, Sverre Solberg, Martine Stensland, Audun Stusdal, Eira Stusdal, Eivind Stusdal, Håvard Stusdal, Sivert Stusdal, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Helge Øvretveit, Irene Øvretveit, Johanne Øvretveit,
I alt 64 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 12. desember 2026.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Vinterkarusell laurdag 14. november
05.11.2026
Intervallgruppe torsdager kl 19.00
05.11.2026
Phillip Morken med suverent karuselløp
17.10.2026
Start vinterkarusellen laurdag 17. oktober
12.10.2026
Færø-gjengen dominerte Eikangerløpet
11.10.2026