Start vinterkarusellen laurdag 17. oktober
Postet av Eikanger Idrettslag den 12. okt 2026

Laurdag 17. oktober går første løp i vinterkarusellen 2026-27 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår. Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen kl. 15.00.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.20. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 17. oktober, 14. november, 12. desember, 9. januar 2025, 6. februar, 6. mars og 10. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 48 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 365 løp med 23 051 startar.
Terje Eidsnes og Sverre Solberg, begge med 311 startar, er dei som har delteke flest gonger. Deretter kjem Steinar Haukås med 290, Alf Høyland med 287, Arvid Hauge 279 og Leiv Eidsnes 276.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 185 startar og Grethe Titland med 177 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Startar-menn 1979-2026.pdf
Flest-løp-kvinner 1979-2026.pdf
VK bestetider menn 1979-1.5.2026.pdf
VK bestetider kvinner 1979-1.5.2026.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge
Logg inn for å skrive en kommentar.