Phillip Morken med suverent karuselløp
Postet av Eikanger Idrettslag den 17. okt 2026

Phillip Morken vann opninga av vinterkarusellen på Eikanger på den tredje beste tida nokon gong. Med tida 6.10 tangerte han bestetida til Kjetil Hodnekvam frå 2001. Berre Svein Roar Kvamme med 5.58 og Halfdan-Emil Færø med 6.04 har sprunge fortare rundt Eikangervågen.

STARTEN: Phillip Morken i tet frå start. Aksel Vedå (nr. 13), Axel Wollan (37), Mustafa Isman Adan (43) og Jo-Harald Færø (44) er også langt framme.
Bertine-Helene Færø var nok ein gong raskaste kvinne. Med tida 7.27 sprang ho sekundet fortare enn i heile førre sesong. I alt har ho vare raskaste kvinne 48 gonger.

48. GONG: Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne for 48. gong.
Phillip Morken tok teten ut frå start og auka leiinga heile vegen til mål. Han var 37 sekund føre andremann, Axel Wollan. Wollan betra bestetida si frå sist sesong med 10 sekund. Sterkt løp også av Mustafa Isman Adan på 6.52, ni sekund raskare enn i debuten i april i år.

STERKE LØP: Alex Wollan (37) og Mustafa Isman Adan (43) var dei to som kom nærmast Morken i sesongopninga på Eikanger.
Ei rekkje løparar noterte eg for betre tider enn i førre sesong, så det er mange som trenar godt.
Heile 98 deltakarar stilte til start i løpet laurdag 17. oktober, og av dei var det 44 som sprang på tid. Det er det største startfeltet med tidtaking på mange år. I feltet var det ei god blanding av folk frå barneskulealder til langt opp i veteranåra.

FRAMGANG: Mustafa Isman Adan betrar bestetida si frå debutløpet i vår med ni sekund.
Eikanger IL har lagt opp til sju løp denne sesongen, og det neste går laurdag 14. november. Så vert det løp 12. desember, 9. januar neste år. D eretter 6. februar, 6. mars og 10. april.
Vinterkarusell 2026-27, 1. løp.
Eikanger 17. oktober 2026
Arr.: Eikanger IL
Opphald, regnbye, solgløtt, berr veg, +7-8° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken 6.10
2. Axel Wollan 6.47
3. Mustafa Isman Adan 6.52
4. Jo-Harald Færø 7.07
5. Bertine-Helene Færø 7.27
6. Jan Chr. Nævdal 7.38
7. Petter Hindenes 8.05
8. Einar Færø 8.08
9. Dag Taule 8.11
10. Are Flekke 8.23
NEST RASKASTE KVINNE: Grethe Jørgensen.
11. Grethe Jørgensen 8.28
12. Anders Eidsnes 8.40
13. Sverre Kvamme 8.40
14. Stian Matre 8.47
15. Magnus Golten Fyllingsnes 8.48
16. Aksel Vedå 8.48
17. Håvard Fyllingsnes 8.53
18. Nikolai Færø 9.10
19. Isak Øvretveit Hosøy 9.16
20. Lucas Johansen Økland 9.19
Over: Jan Chr. Nævdal. Nedanfor: Dag Taule.

Bjørn Harald Nævdal 9.20
Fredrik Aase Nævdal 9.20
Øyvind Farstad 9.21
Arvid Hauge 9.50
Erlend G. Hopland 9.58
Sigmund Nævdal 10.21
Mathilde Eneroth Høyland 10.34
Tina Taule 10.41
Odd Inge Høyland 10.54
Jakob Husum Nævdal 11.01
Aleksander Nævdal 11.02
Christer Aase Nævdal 11.16
Terje Eidsnes 11.22
Renate Eneroth 11.48
Mali Øvretveit Hosøy 11.52
Ruben Hosøy 11.53
Jan Kårbø 12.11
Atle Kolbeinsen 12.28
Samuel Siljuholtet 13.40
Gunnar Hauge 13.41
Madelén Børhaug Nævdal 14.03
Colin Johansen Økland 16.01
Mark Liam Haugen 16.03
Arne Økland 16.03
Anders Eidsnes (48) og Sverre Kvamme.

Stian Matre (51) og Magnus Golten Fyllingsnes.

Isak Øvredtveit Hosøy fremst i denne gjengen. Deretter Lucas Johansen Økland og to nævdalskarar.
Utan tid:
Kristian Bjørge
Ingeborg Reigstad Danielsen
Lene Reigstad Danielsen
Ernst Ove Eide
Trym Flettin Eide
Leiv Eidsnes
Miriam R. Eidsnes
Sunniva R. Eidsnes
Else Eknes
Erik Arne Eknes
Vårin Eknes
Liv Enes
Olav Enes
Markus Eriksen
Bente E. Fyllingsnes
Bjørn Jostein Fyllingsnes
Henrik Fyllingsnes
Oddvar Fyllingsnes
Samuel Fyllingsnes
Helga Marit Færø
Amalie Gausvik
Jan Helge Gausvik
Sølvi Iren Haukås
Benjamin Helgesen
Jonathan Helgesen
Torunn Hopland
Alf Høyland
Margrethe Høyland
Bjarte Larssen
Gunnar A. Larssen
Inge Leknes
Ove Normann Morken
Anne Lise Nordpoll
Astrid Nordpoll
Even Nordpoll
Stian Nordpoll
Amund Øvretveit Nytun
Gerd Nævdal
Marius Aase Nævdal
Sebastian Aase Nævdal
Audun Stusdal
Eivind Stusdal
Mary Stusdal
Grethe Titland
Sofia H. Titland
Liam Hansen Toft
Monica Hansen Toft
Åge Toft
Albert Vedå
Amalie Øvretveit
Irene Øvretveit
Dan Ruben Aadland
Tuva Aadland
Nelly Sofie Aasmyr
I alt 98 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 14. november 2026.
FLEST STARTAR: Terje Eidsnes var med i karusellen for 312 gong.
Tekkst og foto: Stanley Hauge
Start vinterkarusellen laurdag 17. oktober
Postet av Eikanger Idrettslag den 12. okt 2026

Laurdag 17. oktober går første løp i vinterkarusellen 2026-27 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår. Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen kl. 15.00.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.20. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 17. oktober, 14. november, 12. desember, 9. januar 2025, 6. februar, 6. mars og 10. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 48 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 365 løp med 23 051 startar.
Terje Eidsnes og Sverre Solberg, begge med 311 startar, er dei som har delteke flest gonger. Deretter kjem Steinar Haukås med 290, Alf Høyland med 287, Arvid Hauge 279 og Leiv Eidsnes 276.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 185 startar og Grethe Titland med 177 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Startar-menn 1979-2026.pdf
Flest-løp-kvinner 1979-2026.pdf
VK bestetider menn 1979-1.5.2026.pdf
VK bestetider kvinner 1979-1.5.2026.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge
Færø-gjengen dominerte Eikangerløpet
Postet av Eikanger Idrettslag den 11. okt 2026

TRIPPEL FÆRØ: Halfdan-Emil i midten vann på ny rekord føre Magnus-Johan til høgre og Jo-Harald til venstre. (Arkivfoto frå 2025).
Halfdan-Emil Færø vann Eikangerløpet på 5000m på 15.17,1 som er ny løpsrekord. Han sprang 5,9 sekund fortare enn då han sette den førre rekorden for 11 år sidan. Færø-gjengen dominerte årets løp på Ostereidet.
Magnus-Johan Færø vart nummer to med 16.51,5 og Jo-Harald Færø nummer tre på tida 17.21,3. Og i dameklassen var Bertine-Helene Færø nok ein gong raskast. Tida hennar var 19.01,5.
Bjørn Harald Nævdal var 4. raskast i løpet med tida 17.49,2. For han var det personbeste i løpet med knappe 13 sekund. Imponerte gjorde 12-årige Elias Svendsen Toft (IL Gneist) med 18.58,6.
Halfdan-Emil Færø har i fleire sesongar no representert Førde IL. Han bur og jobbar der i bygda. 35-åringen som i år er første års veteran, har i alt 10 sigrar i Eikangerløpet. Held han fram i den forma han viste i løpet på Ostereidet for to veker sidan, kan me venta fleire gode løp i åra framover. Det er berre Harald Nygård med 13 sigrar som har vunne Eikangerløpet fleire gonger enn Halfdan-Emil.
Bertine-Helene Færø som vert veteran neste år, har i alt 13 sigrar i det tradisjonelle løpet på Ostereidet.
Nikolai Færø var med Eikangerløpet for tiande gong og fekk pokal for dette.
Deltakinga i løpet var i år god med i alt 25 startande. Bortsett frå løpet i samband med 50-årsjubileet for bana i fjor, er dette det høgaste deltakartalet på lange tider. Forholda denne gongen var gode med 17-plussgrader i lufta.
Flest startar har Arvid Hauge med 46, følgd av Inge Kåre Nævdal med 39, Sverre Solberg og Bjørnar Eidsheim med 33.
Eikangerløpet 2026
MS 5000 meter
1. Halfdan-Emil Færø 1991 Førde IL 15.17,1
2. Magnus-Johan Færø 1995 Eikanger IL 16.51,5
3. Jo-Harald Færø 1983 Eikanger IL 17.21,3
4. Bjørn Harald Nævdal 1994 17.49,2
5. Elias Svendsen Toft 2014 IL Gneist 18.58,6
6. Jahn Christopher Nævdal 1985 19.26,0
7. Øyvind Kleivdal 1987 19.40,0
8. Øivind Bernes 1958 Mjøsdalen IL 19.41,0
9. Bjørnar Eidsheim 1968 Eikanger IL 19.46,3
10. Petter Riise Hindenes 1991 Eikanger IL 20.10,2
11. Andre Midtgård Espevoll 2010 Eikanger IL 21.13,4
12. Are Flekke 1996 Norna-Salhus 21.50,4
13. Simen Pettersen 1996 23.57,2
14. Øyvind Pål Farstad 1963 Eikanger IL 23.59,7
15. Nikolai Færø 1985 Eikanger IL 24.00,5
16. Einar Færø 1956 Eikanger IL 24.00,6
17. Arvid Hauge 1960 Eikanger IL 24.22,9
18. Fredrik Aase Nævdal 2017 24.50,2
19. Sigmund Nævdal 1958 25.05,6
20. Inge Kåre Nævdal 1954 Eikanger IL 25.24,3
21. Bjørn Årseth 1953 25.50,8
22. Ingvard Børslid Tvedt 1993 Eikanger IL 25.50,8
KS 5000 meter
1. Bertine-Helene Færø 1992 Varegg IL 19.01,5
2. Sunniva Reigstad Eidsnes 2004 Eikanger IL 24.36,8
3. Benedikte Aase 1992 24.52,2
Tekst og foto: Stanley Hauge
Loppemarknad 24. oktober kl 11.00-15.00, Ostereidet Ungdomsskule
Postet av Eikanger Idrettslag den 25. sep 2026

Eikangerløpet og vinterkarusellen
Postet av Eikanger Idrettslag den 12. sep 2026

Eikangerløpet, 5000m på bana på Ostereidet vert arrangert søndag 27. september. Vinterkarusellen 2026-27 startar med første løpet laurdag 17. oktober på Eikanger.
Eikangerløpet
Det vert 47. gong Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet.
Påmelding kan skje løpsdagen frå kl. 14.00, eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan torsdag 24. august kl. 23.00. Startkontingent kr 150,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536
Litt om løpet
Dette løpet passar både for aktive friidrettsutøvarar og for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana.
Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 28 deltakarar.
Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Karoline Holsen Kyte som har rekorden med 17.21,8 frå 2021.
Flest startar har Arvid Hauge med 45, Inge Nævdal med 38, Sverre Solberg 33, Bjørnar Eidsheim 32, Gunnar Hauge 28 og Helge Færø 24. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 14.
Eikangerløpet-deltakarar 1979-2025.pdf
Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger og 20 gonger.
Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.
Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark som arrangøren ordnar med.
Vinterkarusellen 2026-2027
Laurdag 17. oktober går første løp i vinterkarusellen 2026-27 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.15. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 17. oktober, 14. november, 12. desember, 9. januar 2025, 6. februar, 6. mars og 10. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 48 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 365 løp med 23 051 startar.
Terje Eidsnes og Sverre Solberg, begge med 311 startar, er dei som har delteke flest gonger. Deretter kjem Steinar Haukås med 290, Alf Høyland med 287, Arvid Hauge 279 og Leiv Eidsnes 276.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 185 startar og Grethe Titland med 177 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Startar-menn 1979-2026.pdf
Flest-løp-kvinner 1979-2026.pdf
VK bestetider menn 1979-1.5.2026.pdf
VK bestetider kvinner 1979-1.5.2026.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge