Start vinterkarusellen laurdag 17. oktober
Postet av Eikanger Idrettslag den 12. okt 2026

Laurdag 17. oktober går første løp i vinterkarusellen 2026-27 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår. Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen kl. 15.00.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.20. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 17. oktober, 14. november, 12. desember, 9. januar 2025, 6. februar, 6. mars og 10. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 48 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 365 løp med 23 051 startar.
Terje Eidsnes og Sverre Solberg, begge med 311 startar, er dei som har delteke flest gonger. Deretter kjem Steinar Haukås med 290, Alf Høyland med 287, Arvid Hauge 279 og Leiv Eidsnes 276.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 185 startar og Grethe Titland med 177 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Startar-menn 1979-2026.pdf
Flest-løp-kvinner 1979-2026.pdf
VK bestetider menn 1979-1.5.2026.pdf
VK bestetider kvinner 1979-1.5.2026.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge
Eikangerløpet og vinterkarusellen
Postet av Eikanger Idrettslag den 12. sep 2026

Eikangerløpet, 5000m på bana på Ostereidet vert arrangert søndag 27. september. Vinterkarusellen 2026-27 startar med første løpet laurdag 17. oktober på Eikanger.
Eikangerløpet
Det vert 47. gong Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet.
Påmelding kan skje løpsdagen frå kl. 14.00, eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan torsdag 24. august kl. 23.00. Startkontingent kr 150,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536
Litt om løpet
Dette løpet passar både for aktive friidrettsutøvarar og for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana.
Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 28 deltakarar.
Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Karoline Holsen Kyte som har rekorden med 17.21,8 frå 2021.
Flest startar har Arvid Hauge med 45, Inge Nævdal med 38, Sverre Solberg 33, Bjørnar Eidsheim 32, Gunnar Hauge 28 og Helge Færø 24. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 14.
Eikangerløpet-deltakarar 1979-2025.pdf
Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger og 20 gonger.
Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.
Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark som arrangøren ordnar med.
Vinterkarusellen 2026-2027
Laurdag 17. oktober går første løp i vinterkarusellen 2026-27 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.15. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 17. oktober, 14. november, 12. desember, 9. januar 2025, 6. februar, 6. mars og 10. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 48 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 365 løp med 23 051 startar.
Terje Eidsnes og Sverre Solberg, begge med 311 startar, er dei som har delteke flest gonger. Deretter kjem Steinar Haukås med 290, Alf Høyland med 287, Arvid Hauge 279 og Leiv Eidsnes 276.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 185 startar og Grethe Titland med 177 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Startar-menn 1979-2026.pdf
Flest-løp-kvinner 1979-2026.pdf
VK bestetider menn 1979-1.5.2026.pdf
VK bestetider kvinner 1979-1.5.2026.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge
Klubbkvelden
Postet av Eikanger Idrettslag den 7. apr 2019
Det var et bra oppmøte på klubbkvelden vår på tirsdag kveld med rundt 70 personer som møtte opp.
Så tusen takk til alle dere som bidro til at vi fikk en fin kveld sammen med klubben vår og vår nye utstyrsleverandør Stanno.
Håper alle hadde en fin kveld og at vi sammen jobber for at Eikanger IL vokser som klubb.
Helge Rasmussen
Leder Eikanger IL fotball
Karusellfinale med premieutdeling laurdag 13. april
Postet av Eikanger Idrettslag den 5. apr 2019

Laurdag 13. april er det finaleløp og premieutdeling for vinterkarusellen på Eikanger 2018-19. 119 personar har alt sikra seg medalje for deltaking i tre eller fleire løp denne sesongen. Nedanfor kan du sjekka kor mange løp du har.
Det tiande løpet i vinterkarusellen på Eikanger komande laurdag 30. mars har som vanleg start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Over 150 kan få premie
I tillegg til dei 119 som alt har sikra seg premie er det 39 personar som står med to startar før det siste løpet. Ved å delta laurdag kan dei sikra seg bronsemedalje.
Oversikt over deltakarar og tal løp.pdf
Løypa
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Karuselløp på Eikanger laurdag 30. mars
Postet av Eikanger Idrettslag den 23. mar 2019

Det niande og nest side løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 30. mars med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Det står to løp att: 30. mars og 13. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.