Vinterkarusellen 2026-27

Løp i sesongen 2026-2027
17. oktober 2026
14. november 2026
12. desember 2026
9. januar 2027
6. februar 2027
6. mars 2027
10. april 2027
I alt vert det sju løp komande sesong, tre før jul og 4 etter nyttår.
Starttid:
Alle løpa går laurdagar og løpsklassen startar kl. 15.00.
Deltakarar som stiller utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.
Påmelding frå kl 14.15.
Løypa
Løpet har start og mål i porten på Eikanger skule. Løypa er på knappe 2,2 km rundt Eikangervågen.
Etter første flaten ut frå start, tek du til høgre ned bakken mot vågen og utetter vågen, over den gamle brua der og gangvegen langs E39 til krysset med fylkesvegen mot Høyland/Myking. Så spring/går du på fylkesvegen til krysset med gamleskulen/bakeriet og bort att til skulen.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 48 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 365 løp med 23 051 startar.
Terje Eidsnes og Sverre Solberg, begge med 311 startar, er dei som har delteke flest gonger. Deretter kjem Steinar Haukås med 290, Alf Høyland med 287, Arvid Hauge 279 og Leiv Eidsnes 276.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 185 startar og Grethe Titland med 177 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Tekst og foto: Stanley Hauge