Færø-gjengen dominerte Eikangerløpet
Postet av Eikanger Idrettslag den 11. okt 2026

TRIPPEL FÆRØ: Halfdan-Emil i midten vann på ny rekord føre Magnus-Johan til høgre og Jo-Harald til venstre. (Arkivfoto frå 2025).
Halfdan-Emil Færø vann Eikangerløpet på 5000m på 15.17,1 som er ny løpsrekord. Han sprang 5,9 sekund fortare enn då han sette den førre rekorden for 11 år sidan. Færø-gjengen dominerte årets løp på Ostereidet.
Magnus-Johan Færø vart nummer to med 16.51,5 og Jo-Harald Færø nummer tre på tida 17.21,3. Og i dameklassen var Bertine-Helene Færø nok ein gong raskast. Tida hennar var 19.01,5.
Bjørn Harald Nævdal var 4. raskast i løpet med tida 17.49,2. For han var det personbeste i løpet med knappe 13 sekund. Imponerte gjorde 12-årige Elias Svendsen Toft (IL Gneist) med 18.58,6.
Halfdan-Emil Færø har i fleire sesongar no representert Førde IL. Han bur og jobbar der i bygda. 35-åringen som i år er første års veteran, har i alt 10 sigrar i Eikangerløpet. Held han fram i den forma han viste i løpet på Ostereidet for to veker sidan, kan me venta fleire gode løp i åra framover. Det er berre Harald Nygård med 13 sigrar som har vunne Eikangerløpet fleire gonger enn Halfdan-Emil.
Bertine-Helene Færø som vert veteran neste år, har i alt 13 sigrar i det tradisjonelle løpet på Ostereidet.
Nikolai Færø var med Eikangerløpet for tiande gong og fekk pokal for dette.
Deltakinga i løpet var i år god med i alt 25 startande. Bortsett frå løpet i samband med 50-årsjubileet for bana i fjor, er dette det høgaste deltakartalet på lange tider. Forholda denne gongen var gode med 17-plussgrader i lufta.
Flest startar har Arvid Hauge med 46, følgd av Inge Kåre Nævdal med 39, Sverre Solberg og Bjørnar Eidsheim med 33.
Eikangerløpet 2026
MS 5000 meter
1. Halfdan-Emil Færø 1991 Førde IL 15.17,1
2. Magnus-Johan Færø 1995 Eikanger IL 16.51,5
3. Jo-Harald Færø 1983 Eikanger IL 17.21,3
4. Bjørn Harald Nævdal 1994 17.49,2
5. Elias Svendsen Toft 2014 IL Gneist 18.58,6
6. Jahn Christopher Nævdal 1985 19.26,0
7. Øyvind Kleivdal 1987 19.40,0
8. Øivind Bernes 1958 Mjøsdalen IL 19.41,0
9. Bjørnar Eidsheim 1968 Eikanger IL 19.46,3
10. Petter Riise Hindenes 1991 Eikanger IL 20.10,2
11. Andre Midtgård Espevoll 2010 Eikanger IL 21.13,4
12. Are Flekke 1996 Norna-Salhus 21.50,4
13. Simen Pettersen 1996 23.57,2
14. Øyvind Pål Farstad 1963 Eikanger IL 23.59,7
15. Nikolai Færø 1985 Eikanger IL 24.00,5
16. Einar Færø 1956 Eikanger IL 24.00,6
17. Arvid Hauge 1960 Eikanger IL 24.22,9
18. Fredrik Aase Nævdal 2017 24.50,2
19. Sigmund Nævdal 1958 25.05,6
20. Inge Kåre Nævdal 1954 Eikanger IL 25.24,3
21. Bjørn Årseth 1953 25.50,8
22. Ingvard Børslid Tvedt 1993 Eikanger IL 25.50,8
KS 5000 meter
1. Bertine-Helene Færø 1992 Varegg IL 19.01,5
2. Sunniva Reigstad Eidsnes 2004 Eikanger IL 24.36,8
3. Benedikte Aase 1992 24.52,2
Tekst og foto: Stanley Hauge
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Start vinterkarusellen laurdag 17. oktober
12.10.2026
Eikangerløpet og vinterkarusellen
12.09.2026
Ope basseng frå tysdag 15. september 2026
09.08.2026