Gode prestasjonar i Ekstraleikane

Postet av Stanley Hauge den 7. sep 2026

60m-felt på seriestemnet 25. august 2026. Frå venstre: Casper Meland Vik, Syvert Søyland Askvik, Borys Pieczkowski og Eskil Hindenes Torsvik.

Eikanger IL hadde denne helga fleire unge utøvarar i aksjon under Extralekene Vestland 2026 i Gjesdal. Her møttest dei beste 13- og 14-åringane frå Hordaland, Rogaland og Agder til kretskamp og spennande konkurransar på friidrettsbana.

Beste plassering av våre oppnådde Casper Meland Vik i gutar 13 år med 3. plass i kule 3 kg med 8,93 – ny personleg rekord. Han kom også til finale på 60m etter å ha vunne eine forsøkshitet på 8.58. I finalen klaffa det ikkje så godt, der oppnådde han 8,86 som heldt til 8. plass. I lengde vart han nummer ni med 4,04.

To gutar deltok i 14-årsklassen. Eskil Hindenes Torsvik vart nummer fire i både kule 3 kg (8,81) og i lengde (4,77). På 60m vart han utslegen i forsøket med tida 8,17.  Borys Pieczkowski vart nummer sju i kule med 7,53, nummer 12 i lengde med 4,09 og utslegen i forsøket på 60m med 8.45.

I 13-årsklassen for jenter oppnådde Alva Otilie Knoff Birkely 11. plass i kule 2 kg med 7.23.

Hordaland vann kretskampen med 207 poeng, føre Rogaland med 188 og Agder med 152. 

Stor prestasjon
For Eikanger IL var deltakinga i seg sjølv ein stor prestasjon. Utøvarane våre driv ikkje aktivt med friidrett til vanleg, men kvalifiserte seg til Extralekene gjennom sterke prestasjonar under skulestemnet på Ostereidet tidlegare i år. Det viser at det finst mykje talent blant ungdomane våre.

Mange av deltakarane dei konkurrerte mot trenar friidrett fleire gonger i veka gjennom heile året. Likevel viste Eikanger-utøvarane at dei kunne vere med og kjempe godt i konkurransane, og dei representerte både idrettslaget, skulen og Nordhordland på ein framifrå måte.

Inspirasjon
Eikanger IL er stolte over å ha så positive og gode representantar for idrettslaget. Vi håpar deltakinga på Extralekene gav meirsmak og inspirerer både deltakarane og andre unge i bygda til å vere med på friidrett og andre idrettsaktivitetar framover, seier leiar i friidrettsgruppa Jo-Harald Færø, og avsluttar med: – Gratulerer med ein flott innsats til alle som var med!

RESULTAT:
https://resultater.gjesdal-il.com/extralekene2026/menu.html

Tekst: Jo-Harald Færø og Stanley Hauge

Foto: Stanley Hauge


Logg inn for å skrive en kommentar.